Barnet eller ungdommens sjukdom, skade eller nedsette funksjonsevne kan vere av somatisk, psykisk, fysisk, sosial, kognitiv eller sensorisk art. Det er ikkje eit vilkår at bornet har fått ei diagnose.
Kva vil vere ein barnekoordinator si rolle?
Ein barnekoordinator har som oppgåve å sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbod rundt eit barn.
Det kan for eksempel vere:
- Sikre nødvendig oppfølging og hjelp
- Bidra til at hjelpeinstansane rundt barnet samarbeidar om å nå mål
- Sikre god informasjonsflyt mellom hjelpeinstansane, deg og ditt barn
- Sikre framdrift i hjelpeprosessen
Individuell plan
Barn som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett på ein individuell plan. Denne planen skal vise kva mål du har, og kva tiltak som skal til for at måla blir nådd.
Planen skal bidra til at alle som jobbar rundt barnet forheld seg til ein felles framdriftsplan og bidra til:
- Ein meir føreseieleg prosess
- Styrke relasjonen mellom born/føresette og tenestene
- Forenkla kontakt med systemet
Har du spørsmål?
Har du spørsmål knytt til søknaden din kan du kontakte sakshandsamar.
Koordinerte tenester og BTI (Betre tverrfagleg innsats)
Stad kommune satsar også på BTI modellen, som skal bidra til at born som treng våre tenester får heilskapleg og god hjelp så tidleg som moleg. Betre tverrfagleg innsats i Stad kommune.