Interkommunal legevakt og øyeblikkelig hjelp

Legevakt

Ring legevakt 116 117 når du treng legehjelp raskt, men det ikkje gjeld livstrugande sjukdom.

Interkommunal legevakt for Nordfjord finn du ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.

Legevakta er bemanna med lege i tidsrommet 16.00–08.00 på kvardagar og heile døgnet i helgane og på helgedagar. Mellom kl. 08.00–16.00 på kvardagar har kvar kommune eiga legevakt.

Akutt hjelp

Ring 113 når det er akutt og det står om liv.

Fastlege

Ta kontakt med fastlegen din i opningstida når legehjelpa kan vente litt.