Primærhelseteam er eit nasjonalt pilotprosjekt med formål å betre helsetilbodet til dei som verkeleg treng det, og på sikt bruke ressursane i primærhelsetenesta på ein betre måte. Primærhelseteamet rundt pasientane er samansett av fastlegen, ein helsesekretær og ein sjukepleiar. Alle fastlegane ved Eid legekontor deltek i prosjektet.
Dette kan du få hjelp til
- Generelle helsesjekkar og årskontrollar
- Følge opp kronisk sjukdom ved sidan av konsultasjonar med fastlege
- Legemiddelgjennomgang
- Oppdatere journalen
- Tverrfagleg samarbeid, koordinering av oppgåver, ansvarsgruppemøte
- Støttesamtaler og heimebesøk
- Pasientundervisning og rettleiing
- Følge opp pasientar som er skrivne ut frå institusjon, sjukehus eller rehabilitering
Målgruppe
- Pasientar som har behov for ei tett medisinsk oppfølging
- Dei med store og samansette hjelpebehov
- Kronisk sjuke, med til dømes hjarte- og karlidingar, KOLS, diabetes type II, hypertensjon o.l.
- Personar med særleg nedsett funksjonsevne
- Personar med psykiske lidingar eller ruslidingar
- «Svake etterspørjarar»
Publisert 04.11.2019 22.29
Sist endra 01.01.2020 14.12