Vaksinasjon hausten 2025

Vaksinasjonsdagar for alle over 65 år og dei andre risikogruppene vil bli gjennomført i slutten av oktober og første del av november.

Det vil bli tilbod om både influensavaksine og koronavaksine desse dagane. I tillegg vil det bli tilbod om pneumokokkvaksine til personar fødde i 1960. Alle vaksinane kan settast samtidig.

Kven bør ta vaksine?

  • Alle over 65 år – influensavaksine
  • Alle over 75 år – influensa- og koronavaksine
  • Personar yngre enn 65 år med kronisk sjukdom som gjer at dei har risiko for å bli alvorleg sjuke ved influensa eller covid-19. Sjå informasjon om risikogruppene for influensa og covid-19.
  • Personar i alderen 65-74 år som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe, kan få koronavaksine om dei ønskjer det, sjølv om denne aldersgruppa ikkje er inkludert i FHI sine anbefalingar.
  • Personar fødde i 1960 får tilbod om pneumokokkvaksine som ein del av vaksenvaksinasjonsprogrammet.
     

Sjå meir utfyllande vaksineinformasjon på Helsenorge sine nettsider

Vaksinasjonsdagar for risikogruppene

Selje skule (gymsalen):

  • Tysdag 4. november kl 16.30-19.00 – for personar fødde i månadane januar til juni
  • Tysdag 11. november kl 16.30-19.00 – for personar fødde i månadane juli til desember
     

Eid Idrettshus:

  • Tysdag 28. oktober kl 09.00-14.30 – for personar fødde i månadane januar til juni
  • Torsdag 6. november kl 09.00-14.30 – for personar fødde i månadane frå juli til desember
     

Drop-in vaksinasjon begge stadar (ikkje timebestilling).

Prisar

  • Influensavaksine: kr 301,-
  • Koronavaksine: kr 85,- (kr 110,- om den vert sett aleine)
  • Pneumokokkvaksine: kr 85,- (kr 110,- om den vert sett aleine)  

 

 

 

Artikkelliste