Følgjekort

Dersom du har nedsett funksjonsevne og treng bistand til mange daglege gjeremål, kan du søkje om å få følgjekort. Kortet gir den personen som følgjer deg rabatt på kultur- og fritidsarrangement i kommunen, samt til ein del offentlege transportmidlar. Eigaren av kortet betaler sjølv gjeldande pris. Målet med ordninga er å førebyggje isolasjon og medverke til auka livskvalitet. 

Kva omfattar ordninga?

Alle kommunale bygg, arrangement og aktivitetar i kommunal regi er omfatta av ordninga. I tillegg godtek enkelte lag, organisasjonar og bedrifter ordninga. Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar har akseptert ordninga. Følgjekortet vert gitt til søkjar personleg. Ein kan no velje om ein vil ha digitalt følgjekort eller ein laminert versjon. Det digitale følgjekortet er knytt til søkjar, og kommunen kan gje andre administrasjonsrett. Nye brukarar vil automatisk få spørsmål om dei ynskjer digitalt eller laminert følgjekort. Eksisterande brukarar kan ta kontakt med sakshandsamarteamet på telefon 902 50 783, dersom dei ynskjer digitalt følgjekort.

Krav til søkjar

  • Det må kome tydeleg fram i søknaden behovet ditt for følgje
  • Du må bu i Stad kommune
  • Følgjekortet er tidsavgrensa til maksimalt 5 år
  • Du må levere legeerklæring saman med søknad, og den må innehalde ei funksjonsvurdering
  • Du må sende med nytt passfoto
  • Du må søkje på nytt før følgjekortet går ut på dato
  • Du må melde frå til kommunen ved endringar i eigen situasjon

Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense på følgjekort. For born under skulealder må det vere dokumentert at bornet har eit større behov for følgje enn det som hadde vore tilfelle dersom barnet ikkje hadde ei funksjonsnedsetting, og at det difor medfører ekstrautgifter, samanlikna med jamaldrande som deltek på same type aktivitetar. Det betyr at det er born med eit særleg omfattande bistandsbehov som til vanleg vil kunne bli tildelt følgjekort heilt frå småbarnsalder av.

Søknad

Søknad om følgjekort sender du til Stad kommune. Det er ingen søknadsfrist. Søknadene vert handsama fortløpande.

Søk om følgjekort 

Sende søknad i papirversjon (DOCX, 24 kB) (PDF, 117 kB)

Om du ikkje får levert søknaden digitalt kan du laste ned søknadsskjema, fylle ut, printe og sende pr. post ev. levere på rådhuset. 

Søknadsbehandling

Kommunen skal tildele følgjekort etter gjeldande retningslinjer som er utarbeidd av Statens råd for funksjonshemma. Kommunen innhentar alle opplysningar som er nødvendige for å avgjere saka. Du vil få svar på søknad om følgjekort. Kommunen skal behandle søknaden så snart som mogleg, og innan fire veker.

Du kan klage på svar på søknad om følgjekort. Klage skal sendast til Stad kommune innan tre veker frå motteke svar på søknad om følgjekort.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål knytt til søknaden din kan du kontakte sakshandsamar.

Kontakt

Sakshandsamarteamet
Telefon 94 81 65 15
Stad kommune
E-post
Telefon 57 88 58 00

Adresse

Stad kommune, Rådhusvegen 11

6770 Nordfjordeid