Psykososialt kriseteamKommunen har ansvar for å gi eit heilskapleg og samordna hjelpetilbod til menneske i kommunen. Ein del av dette ansvaret er å yte eit koordinert tilbod av kommunale tenester og psyososiale tiltak ved kriser, ulukker og katastrofer.Psykososialt kriseteam si oppgåve er å samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon og sikre at dei som er råka får nødvendig oppfølging. Kriseteamet arbeider proaktivt og skal vere ein ressurs som gjev krisehjelp til enkeltpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon. Publisert 16.11.2019 15.34 Sist endra 27.12.2019 15.37