Rådgjevande eining for russakerStortinget vedtok 7. juni 2021 ny §3-9 b i lov om kommunale helse- og omsorgstenester (hol.), om etablering av rådgjevande eining for russaker i kommunane. Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte i eininga er satt som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon, inkludert gjennomføring av ruskontroll etter straffeloven §37 første ledd bokstav d, dersom det er sett som vilkår. Oppgåver knytt til rådgjevande eining for russaker Eininga si primære oppgåve er å gje oppfølging, råd og rettleiing til personar som er ilagt møteplikt, samt utføre ruskontroll dersom dette er sett som vilkår. Eininga kan kan tilby individuell oppfølging om ønskjeleg. Organisering i Stad kommune Den rådgjevande eininga for russaker i kommunen kan organiserast slik kommunen sjølv finn det føremålstenleg. I Stad kommune er den lagt til Psykisk helse- og rusteneste, med ei todeling av ansvaret: Psykisk helse- og rusteneste har ansvar for oppfølging, råd og rettleiing. Legekontor på Nordfjordeid og i Selje har ansvar for den praktiske gjennomføringa av rustestar. Meir informasjon Stortinget.no https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/etablering-av-radgivende-enheter-for-russaker-i-alle-kommuner/id2920863/ https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28/KAPITTEL_1-6#KAPITTEL_1-6 Publisert 08.09.2022 12.53 Sist endra 21.05.2024 11.30