Rusomsorg

Bu- og miljøtenesta i Stad kommune gir tenester til personar som er eller står i fare for å bli avhengige av rusmidlar som til dømes alkohol, legemidlar, sentralstimulerande midlar og opiat.

Kva kan du få hjelp med?

Vi kan tilby psykisk helsehjelp for å meistre angst og depresjon, vi tilbyr støtte- og endringssamtalar med mål om å handtere utfordringar med rus og bli rusfri. Vi har fokus på kvardagsmeistring og tilbyr buoppfølging.

Det kan vere behov for følgje til helsehjelp lokalt og til møte med NAV dersom dette er vanskeleg, og vi kan gje rettleiing om smitte, brukarutstyr og førebygging av overdose. Vi samarbeider også med behandlingsinstitusjon under innlegging, poliklinikk og aktuelle kommunale instansar og kan koordinere hjelpetilbodet. Vi gir støtte i rehabiliteringsprosessar gjennom legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og er ein del av hjelpeapparatet ved behandling under eller etter narkotikadom. Vi tilbyr også hjelp til å lage individuell plan og kriseplan, gir kvardagsrådgjeving om økonomi, støtte til å kome i arbeid og aktivitet, og støtte for å betre relasjonar med pårørande og andre.

Tilbod til born og unge

Psykisk helseteneste har eit samarbeid med skulehelsetenesta og er tilstades ved Eid vidaregåande skule og Eid ungdomsskule ein dag i veka.

Psykisk helseteneste er også del av teamet ved helsestasjon for ungdom på Nordfjordeid, torsdag frå 15.30 til 17.00. Dette tilbodet skal også kome i Selje.

Korleis kome i kontakt

Du kjem i kontakt med oss ved å søkje om psykisk helsehjelp eller ved å ta kontakt med oss direkte.  

Dersom du er pårørande eller ein ven som er bekymra for nokon som har rusproblem, så prøv å få dei til å ta kontakt med oss - gjerne saman med deg eller andre dei har tillit til. Du kan også ta kontakt med barnevernstenesta dersom den du er bekymra for er under 16 år. 

Søk helse- og omsorgstenester her

Bekymringsmelding til barnevernstenesta

Kontakt

Marie Bakke
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
E-post
Telefon 40 02 26 92