Velferdsteknologi

«Velferdsteknologi er en samlebetegnelse på forskjellige typer teknologier i kombinasjon med en tjeneste, som gir personer bedre mulighet til å mestre eget liv og helse» (KS, 2021).  

Velferdsteknologi kan fremje sjølvstende og eigenmeistring. Det er eit mål at velferdsteknologi skal gi brukarar meir fleksibilitet i eige liv. Eitt eksempel kan vere at ein ikkje treng å vente på heimetenesta sine besøk for daglege medisiner, men heller styre dette i større grad ved hjelp av for eksempel medisindispenser.

Kva vi kan tilby

Stad kommune har allereie fleire velferdsteknologiske løysingar i bruk.

 

Frmside velferdsteknologi, hand med tryggleiksalarm - Klikk for stort bileteInfobrosjyre om velferdsteknologi i Stad kommune Stad kommune

Slik søkjer du

Send søknad om helse- og omsorgstenester til heimetenestene i Stad kommune, der du skildrar behovet og kva slags funksjonsnedsetting du har. Etter at du har sendt inn søknad, vil helsepersonell avtale tid for ei kartlegging av det som er viktig for at du skal kjenne deg trygg og sikker. Om det vert vurdert at du kan ha nytte av denne typen velferdsteknologi, vert løysingane installert og følgde opp av kommunen. 

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om velferdsteknologi:

Søknadskjema for helse- og omsorgstenester

Søknadskjema helse- og omsorgstenester i papirutgåve

Infobrosjyre om velferdsteknologi (PDF, 2 MB)

Ta kontakt

Har du spørsmål om velferdsteknologi, kan du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta eller heimetenestene i Stad kommune. 

 

Artikkelliste