Kva vi kan tilby
Stad kommune har allereie fleire velferdsteknologiske løysingar i bruk.
Lokaliseringsteknologi – GPS
GPS
Lokaliseringsteknologi er ei teneste for personar med orienteringsvanskar. Bruk av GPS gjer det mogleg å sjå kvar ein person er ved å sjå kartposisjonen på ein PC-skjerm/nettbrett/smarttelefon. Dette vert gjort når den som har GPS sjølv trykker på alarmknappen, eller etter avtale gjort med personen og eventuelt pårørande. Målet med tenesta er at personen med orienteringsvanskar og pårørande skal oppleve tryggleik, fridom, meistring og at ein er sjølvstendig. Lokaliseringsteknologi kan bidra til å oppretthalde ein aktiv kvardag.
Tilsette i heimetenesta
Elektronisk medisineringsstøtte
Elektronisk medisineringsstøtte kan vere ein måte å få hjelp med å ta dine medisinar på. Ein elektronisk medisindispenser gir deg eit varsel når medisinen skal takast. Det vil hjelpe deg å ta rett medisin til rett tid. Løysinga har også moglegheit til å varsle pårørande eller helsepersonell om medisin ikkje takast ut av dispenseren.
Digitale tilsyn
Vi tilbyr ulike sensorar som kan gi auka tryggleik i eigen heim. Det kan vere rørslesensor, matte foran seng, matte i stol bl.a.
Tryggleiksalarm
Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søke om tryggleiksalarm. Alarmen har du på deg heile døgnet og med den kan du enkelt tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Når du trykker på alarmen, vil Alarmsentralen umiddelbart ta kontakt med deg, vurdere nødvendig oppfølging og ved behov sende hjelp til deg.
Slik søkjer du
Send søknad om helse- og omsorgstenester til heimetenestene i Stad kommune, der du skildrar behovet og kva slags funksjonsnedsetting du har. Etter at du har sendt inn søknad, vil helsepersonell avtale tid for ei kartlegging av det som er viktig for at du skal kjenne deg trygg og sikker. Om det vert vurdert at du kan ha nytte av denne typen velferdsteknologi, vert løysingane installert og følgde opp av kommunen.
Søknadskjema helse- og omsorgstenester i papirutgåve
Søknadskjema
Ta kontakt
Har du spørsmål om velferdsteknologi, kan du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta eller heimetenestene i Stad kommune.