Transportstøtte til Ungdomsarrangement

Kven kan søkje:  
Ungdommar, lokale lag/ org. og andre som skal arrangere ei større samling  for
målgruppa ungdom 13 – 19 år i Stad kommune.

Kriteria for å få støtte: 
-rusfritt arrangement som har tilstrekkeleg  med vakter / trygge vaksne.
- vere ope / inkluderande for alle i aldersgruppa 13 – 19 år.  
uavhengig av tru, livssyn, identitet eller bakgrunn.
- arrangementet må vere i stad kommune og skyssen gjeld innan for kommunegrensene. 
- Egenandelen pr. person en veg skal vere 50 kr.  100 kr t/r
 

Ein bør søkje i god tid før arrangementet. Og seinast 2 veker før arrangementet.

Ein kan ikkje søkje om støtte til elevkveldar, konfirmasjonssamlingar eller andre arrangement som er for ei bestemt gruppe. 
 

Arrangør/søkjar som har fått LTU støtte skal: 
- marknadsføre godt/ passe på at alle i målgruppa har fått informasjon om skyss tilbodet.
- den ansvarlege arrangøren er den som  organisera: marknadsføring, ta imot påmeldingar, og bestiller buss/transporten. 
- ein må synleggjere i si marknadsføring at det blir brukt LTU midlar frå Stad kommune/Vestland Fylkeskommune.
- ein vaksen / ein av arrangørane skal følje med at ved ankomst og avreise. 
1.sjekk at alle som har meldt seg på i forkant av arrangement er komen. 
2. ved avreise sjekk at alle som er påmeldt returen er på plass og kjem seg med skyssen. 


Her finn du : SØKNADSSKJEMA 


T.O: 

Sakshandsamar i Stad kommune orienterar taxi/transport ordningane om kven som får ja på søknad og kven som då kjem til å kontakte dei. (den ansvarlege for arrangementet) 

Arrangør skal sjølv bestille transporten med firma som har persontranportløyve.  (taxi, minibuss, buss)  

Ungdom betalar ein eigenandel på 50/100 kr og restbeløpet blir fakturert til Stad kommune, LTU prosjektet. 

Alle faktura som blir sendt frå transportordningane/ taxisentralane i Stad kommune til LTU prosjektet blir kontrollert av sakshandsamar for LTU ordninga i Stad kommune.
 


Bakgrunn for LTU ordninga i Stad kommune: 
Kvart år søkjer Ungdomsrådet og LTU - sakshandsamar i Stad kommune om midlar til lokale transporttilbod for ungdom  (LTU)  frå Vestland fylkeskommune. 
Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år og skal legge til rette for deltaking på fritidsaktivitet /ungdomsarrangement, ettermiddag/kveld.