Kulturprisvinnarar 2021

I 2021 går dei gjeve prisane til kostymegruppa til Opera Nordfjord ved Anne Regine Sønderland og til den engasjerte ungdomen Amalie Fure. 

 

Kulturprisen 2021 går til kostymegruppa til Opera Nordfjord v/Anne Regine Sønderland

Kostymegruppa har sidan starten vore ein instrumentell faktor for suksessen til Opera Nordfjord. Mange tusen timar med frivillig arbeid har resultert i utallige fargesprakande kostymar og fantastiske opplevingar for publikum.

Anne Regine Sønderland har som leiar for kostymegruppa teke ansvar for kostymane på alle produksjonane. I tillegg til sjølv å sy kostymar, har ho planlagt og organisert kva som skal produserast og til kva tid. Kostymegruppa har så levert under hennar styring. Anne har som leiar for gruppa i alle år evna å inspirere andre til arbeid med kostymar og saum. Ho har vært inkluderande, tolmodig og ho har delt av sin kunnskap. Det krevst stor innsats og oversikt å halde oversyn med det etter kvart rikhaldige kostymelageret Opera Nordfjord har bygd opp, og kostymegruppa og Anne jobbar knallhardt for nettopp dette.

Juryen meiner at det store engasjement og arbeidsinnsatsen for kulturen gjer kostymegruppa til Opera Nordfjord med Anne Regine Sønderland i spissen til ein verdig mottakar av Stad kommune sin kulturpris for 2021.

 

Ungdomens kulturpris 2021 går til Amalie Fure

17 år gamle Amalie Fure frå Selje er ein engasjert ungdom og ei aktiv stemme for ungdomen i Stad.

Amalie er ein aktiv frivillig som mellom anna har engasjert seg i BUA Selje, som konferansier på UKM og som medlem i Stad ungdomsråd. Ho har vist seg som ei uredd stemme som på fleire plattformar har tort å sette tabubelagde tema på dagsorden, som mellom anna utanforskap, kjønnsrollar, forventningar til ungdomar i samfunnet og psykisk helse.

Dagens ungdom er utsett frå press frå mange kantar og vi er avhengige av at modige stemmer grip ordet og talar ungdomen si sak frå ungdomen sin ståstad. Amalie torer å seie frå der andre teier. Ungdomsrådet i Stad og utval for kultur, idrett, samfunn og næring meiner difor at Amalie Fure er ein verdig vinnar av ungdomens kulturpris for 2021.

Sidan Amalie sjølv sit i ungdomsrådet var ho på førehand gjort kjend med at ho var ugild då ungdomsrådet skulle behandle denne saka, men visste ikkje at ho var blant dei nominerte.

Prisvinnarane får ein diplom og ein pengesum på kr. 10 000,- Prisane blir delte ut på siste kommunestyremøtet før jul, 16. desember. 

 

 

Juryen for tildeling av kulturprisen i Stad kommune har bestått av:

Geir Årvik – utvalsleiar Kultur, idrett, samfunn og næring
Anita Otneim Hoddevik – medlem utval for Kultur, idrett, samfunn og næring
Ståle Sandal - medlem utval for Kultur, idrett, samfunn og næring
Geir Andreas Holtermann Holmen – kultursjef Stad kommune

Juryen for tildeling av ungdomens kulturpris i Stad kommune har bestått av:
Stad ungdomsråd
Geir Årvik – utvalsleiar Kultur, idrett, samfunn og næring
Geir Andreas Holtermann Holmen – kultursjef Stad kommune