MELDING

INFO korona nasjonalt

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om korona: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

INFO korona Stad kommune Information about corona in other languages

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern: e-post korona@stad.kommune.no

 

Kulturprisane i Stad kommune

Kulturprisane i Stad kommune

Klikk for stort bileteStad kommune deler ut ungdommens kulturpris og kulturprisen i siste kommunestyremøte før jul.

Du kan foreslå kandidatar til desse kulturprisane.

Kulturprisen

  • skal vere ein heider til mottakar og ei støtte for arbeidet med kunstnarleg og kulturell verksemd i kommunen.
  • kan gjevast til ein person, eller i særlege høve delast mellom fleire personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. 
  • er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

Ungdomens kulturpris

  • skal stimulere til vidare satsing, og skal vere med å dekkje utgifter i samband med konkurransar, samlingar, utdanning eller andre oppgåver.
  • kan tildelast ein utøvar, delast på fleire kandidatar, ei gruppe av utøvarar eller til ein ungdomsleiar som har oppnådd ein prestasjon, eit resultat eller eit nivå som er utanom det vanlege innan kulturlivet i kommunen.
  • skal gjevast til personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. Mottakar av Ungdomens kulturpris må vere under 25 år og må vere busett i Stad kommune. For grupper må gjennomsnittsalderen ikkje vere over 25 år.
  • er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

 

Tildelinga av kulturprisane blir offentleg når det faste utvalet for kultursaker har treft vedtak i saka, og blir utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul.
Enkeltpersonar, grupper eller organisasjonar kan kome med godt grunngjevne forslag til kandidatar.

Send forslaga til på e-post til post@stad.kommune.no eller per brev til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Du kan også bruke skjemaet du finn her.

 

Kriteria for tildeling av kulturprisane finn du her.

 

Fristen for å sende inn forslag er 1. november 2021.