Stad Kulturskule er eit frivillig tilbod til barn og unge som ønskjer opplæring i musikk, dans og biletkunst i kommunal regi.
I Eid vart det starta opp musikkskule i 1987, og denne vart så omgjort til Kulturskule 01.01.2000 med undervisning i nye disiplinar.
01.01.2020 blei kulturskulane i Eid og Selje kommunar slått saman til Stad Kulturskule.
Det er i dag ca 300 elevar som nyttar Kulturskulen kvar veke. Kulturskulen har hovudbase i eigne lokale samlokalisert med Eid ungdomsskule, men underviser også desentralisert i rundt om på skulane i kommunen.
Stad Kulturskule tek i samarbeid med heimen, skuleverket og musikk og kulturorganisasjonar i kommunen sikte på:
• Å utvikle elevane sine kunstnarlege evner og anlegg, utløyse og kultivere skapande krefter og gje den einskilde elev betre høve til å oppleve og vurdere musikk og andre kunstuttrykk.
• Å legge grunnlaget for å utvikle eit rikt musikk- og kulturmiljø i lokalsamfunnet.
• Å skape ei kreativ og harmonisk personlegdomsutvikling.
• Å få elevane til å oppleve gleda ved å delta i kor, korps, kammermusikk, framsyningar og utstillingar m.m.