Stad kommunestyre behandla 23. oktober saka “Mogleg reduksjon i kulturmidlar og kulturprisar for 2025 og som del av økonomi- og handlingsplan 2026 - 2029” (sak 25/171).
I denne saka vart det fatta følgande vedtak:
- For å nå innsparingskrav for 2025 i samsvar med KS-25/108 vert kulturmidlar og kulturpris sett til 0,- for 2025.
- Som ein del av arbeidet med å få ein økonomi- og handlingsplan i balanse for perioden 2026 – 2029 vert kulturmidlar sett til 0,- for perioden.
- Kulturmidlar og kulturpris vert løfta fram til ny vurdering så snart økonomien tillet dette.
- Kommunestyret opprettholder kulturprisen, ungdomens kulturpris og idrettsprisen med kr. 0 for å gje heder og ære til gode og viktige aktørar innan kultur og idrett. Det er god motivasjon i sjølve prisen sjølv om kommunen ikkje har høve til å gje midlar. Ordførar vert oppmoda om å gå i dialog med næringslivet i kommunen om evt. sponsing av stipenda til idretts- og kulturprisane for 2025.
- Formannskapet vert pålagt å gjere etiske vurderingar mtp sponsormidlar til dei ulike prisane.
Dette betyr at det ikkje vil bli mogleg for lag og organisasjonar å søkje kulturmidlar i år, men det vil bli mogleg å nominere kandidatar til kulturprisane.
Meir informasjon om korleis du kan nominere, og tidsfrist for dette, finn du på denne sida.