Forskottering av spelemidlar til idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2023

Har du fått godkjent spelemiddelsøknad men ikkje tildeling av midlar i 2023?

Stad kommune vedtok i 2022 å opprette eit eige fond til ordninga «Forskottering av spelemidlar til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet». Ordninga om forskottering av spelemidlar til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet skal vere hjelp til lag/organisasjon som står i kø for å få tildelt spelemidlar til idrettsanlegg frå fylkeskommunen. Ordninga skal gjere det mogleg for lag/organisasjon til å starte og fullføre sitt prosjekt/tiltak med ein gang søknaden er godkjent/formelt i orden av fylkeskommunen.

Søknadsfrist for å søke om forskottering av spelemidlar er 20.august 2023

Retningslinjer (PDF, 782 kB)

Vedtak om ordninga forskottering av spelemidlar (PDF, 5 MB)

Søknadsskjema