Utviklingsstipend til idrettsutøvarar

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut sju utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Søk innan 1. oktober.

Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga

  • idrettsprestasjonar
  • potensial
  • planar for vidare satsing innan idrett
  • aldersgrupper 16–25 år
  • utøvarar som får toppidrettsstipend frå Olympiatoppen fell utanfor målgruppa.

Kven kan søkje?
Utøvar, trenar eller særkrets kan sende inn søknaden på elektronisk søknadsskjema. Søkjaren må representere ein klubb i Vestland fylke.

Tildeling
Hovudutval for kultur, idrett og integrering tildeler stipenda etter råd frå fylkeskommunedirektøren, og Olympiatoppen gjev råd ved tildelinga.

https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/idrett/utviklingsstipend-til-idrettsutovarar/

Artikkelliste