Odel

Odelsrett er den retten som den næraste personen til eigaren av ein gard har til å overta eigedomsretten til garden. Garden må ha ein viss storleik og må ha vore i familien sitt eige samanhengande dei siste 20 åra.

Eigedom som det kviler odel på, vert kalla odelsjord. Odelsrett er retten som ein person og etterkomarane har til å innløyse odelsjord eller få odelsjord utlagt på skifte. For å kunne reknast som odelsjord må ein eigedom som hovudregel ha eit jordbruksareal på minst 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord. Er det ein rein skogeiendom, må det produktive skogarealet vere minst 500 dekar.

Har eigedommen for lite jord eller skog, så kan han aldri bli odelseigedom.

Den som eig garden når odelshevdstida på 20 år er ute, blir odlar. Odlaren sine etterkomarar får også odelsrett til garden, men dei må ha ein viss nærlik til eigarane av garden.

Du har odelsrett hvis du er

  • barn av ein som eig eller har eigd heile eigedommen med odel, eller
  • barnebarn av den som eig heile eiegedommen med odel i dag

Les meir om odel hos Landbruksdirektoratet.