Avlingssvikt

Landbruksføretak med vesentleg avlingssvikt kan søke om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Erstatning føreset at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten.

I søknaden er det svært viktig at foretaket kan dokumentere årsakssammenheng mellom skaden og klimatiske forhold. I tillegg til å framlegge god dokumentasjon skal foretaket gi melding til kommunen om skaden, slik at kommunen kan kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast. Kommunen sin feltkontroll vil også kunne avdekke andre skadeårsaker, som f.eks. ugras eller plantesykdommer.

God dokumentasjon kan være ei stadfesting på klimautfordringar frå kommunen eller eit profesjonelt fagmiljø. Annan god dokumentasjon vil f.eks. være skadeomfang i heile område eller meteorologiske data. Bilete kan også gje god tilleggsinformasjon.

Søknadsfristen er 31. oktober, og fristen er absolutt. Søknader som kjem inn etter fristen vil ikkje bli behandla.

Søknad

Les om søknadsprosessen her

Søknaden blir motteken av kommunen, som gir uttale til søknaden og sender saka vidare til Statsforvaltaren i Vestland. Vedtak om erstatning blir fatta av Statsforvaltaren og utbetaling skjer fortløpande. 

Meir informasjon Statsforvaltaren i Vestland.

 

Kontakt

Bernt Reed
E-post
Mobil 97 99 10 52