Produksjonstilskot

Produksjonstilskot er ei fellesnemning for fleire tilskotsordningar som føretak med husdyr- og/eller planteproduksjon kan søkje om. Eit vilkår for å motta tilskot er at ein driv vanleg jordbruksproduksjon med næringsmessig preg.

Søkjeprosessen er todelt, med søknadsfristar hhv. 15. mars og 15. september kvart år.

Produksjonstilskotet er ei viktig inntektskilde for mange bønder. Det er svært viktig å setje seg godt inn i ordningane, m.a. kva vilkår og krav som gjeld for at produksjonen skal vere tilskotsberettiga. Feil i søknad kan medføre trekk i utbetalt tilskotsbeløp.

Produksjonstilskot omfattar følgjande tilskotsordningar

For planteprodusentar:

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker
  • Distriktstilskot for matpotet og grønsaker dyrka i Nord-Noreg
  • Pristilskot for økologisk grøntproduksjon

For husdyrprodusentar:

  • Tilskot til husdyr
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Tilskot for dyr på beite
  • Tilskot for dyr på utmarksbeite
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • Avløysartilskot

For meir informasjon om ordninga og lenke til elektronisk søknad,
sjå Landbruksdirektoratet sine sider. 

Kontaktpersonar i kommunen: Bernt Reed tlf. 979 91 052 og Jofrid Brennsæter tlf. 979 91 051