Spesielle miljøtiltak i jordbruket og tiltak i beiteområdeFøremålet for Stad kommune vil vere å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift og stimulere til auka bruk av utmark. SMIL-midlane og tiltak i beiteområde vert forvalta ut frå strategiplan, vedteken av kommunestyret.Sjå strategiplan for Stad kommune (PDF, 391 kB)Kven kan søkjeSMILDet kan gjevast tilskot til føretak som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. På leigejord må det føreligge løyve frå eigar av eigedomen. Eigar av landbrukseigdomen utan føretak kan tildelast tilskot, dersom det føregår ein produksjon på eigedomen som har rett på tilskot.Tiltak i beiteområdeBeitelag, grunneigarlag, radiobjøllelag m.fl. som er registrert i einingsregisteret, som driv næringsmessig beitedrift som set i gong investeringstiltak og/eller planleggings-og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde kan søkje. Andre på visse vilkår.Søknadsfrist er 15. september 2025.Tilskot kan gå til ForureiningstiltakKulturlandskap Planleggingstiltak- områdetiltak/planleggingstiltakInvesteringstiltak for organisert beitebrukSatsar i høve SMIL tilskog og OBBManuelt eige arbeid m/motorsag kr 350,-Timepris traktor/gravemaskin kr 800,-Oppsetting av gjerde/arbeid/material kr 130,-Innsamling av piggtråd kr 4,- pr meter, levert til godkjendt mottak (her må det vere registrert antal meter eller kilo)Nedtaking av gamalt gjerde kr 50,- pr meterSøknadsskjema Tilskot SMIL midlar Tilskot til tiltak i beiteområde Felles for ordninganeSøknad om midlar skal gjerast digitalt i Agros i Altinn. Søknaden skal innehalde omtale av tiltaket med spesifisert kostnadsoverslag.Tiltaket skal visast på kart i høveleg målestokk.For bygningsprosjekt skal det fylgje med målsette teikningar.Det skal fylgje med foto av tiltaket/området, før iverksetting.For tiltak i beiteområde i Landskapsvernområde må løyve frå verneområdeforvaltar eller verneområdestyre leggast ved.KontaktinfoBernt Reed, tlf. 979 91 052 og Jofrid Brennsæter, tlf. 979 91 051 Publisert 12.12.2019 13.10 Sist endra 12.12.2025 13.49