Formålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket, ut over det som er venta gjennom vanlig jordbruksdrift.
SMIL-midlane vert forvalta ut frå ein strategiplan vedteken av kommunestyret. Strategiplanen er felles for ordningane Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), Tiltak i beiteområde (TIB) og Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK).
Sjå strategiplan for Stad kommune (PDF, 736 kB)
Kven kan søkje
Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.
Kva kan ein søkje om
I SMIL-ordninga er det tre hovudkategoriar av tiltak ein kan søkje på:
- Forureiningstiltak
- Kulturlandskapstiltak
- Planleggings- og tilretteleggingstiltak
Presiseringar av aktuelle tiltak og satsingsområde i Stad kommune finn ein i strategiplanen kap. 2.2.
Standardsatsar for kostnadsoverslag
- Manuelt eige arbeid: 350 kr/t
- Arbeid med traktor/gravemaskin: 800 kr/t
- Oppsetting av gjerde (arbeid og material): 160 kr/m
- Nedtaking av gjerde: 60 kr/m
- Nedtaking av piggtråd: 15 kr/m
Kommunen innvilgar tilskot for inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag, avhengig av tiltakskategori (inntil 100 % for planleggings- og tilretteleggingstiltak). Sjå strategiplanen kap. 2.4 for oppdaterte tilskotssatsar og tilskotstak.
Søknad
Søknad om midlar skal gjerast digitalt i Agros i Altinn.
Søknaden skal innehalde:
- Omtale av tiltaket med spesifisert kostnadsoverslag.
- Foto av tiltaket/området før iverksetting
- Tiltaket skal visast på kart i høveleg målestokk
- For bygningsprosjekt skal det fylgje med målsette teikningar
Tiltaka skal ikkje vere starta før søknaden er handsama.
Søknadsfrist: 1. mars.
Dersom det er ledige midlar etter at rettidig innkomne søknader er handsama, vert det sett
ny frist 1. september. Søknader som ikkje kan prioriterast inneverande år blir
avslege og må ev. levere ny søknad påfølgjande år.
For meir informasjon om ordninga og vegleiing til elektronisk søknad, sjå Landbruksdirektoratet sine sider
Kontaktinfo
Bernt Reed, tlf. 979 91 052 og Jofrid Brennsæter, tlf. 979 91 051