Spesielle miljøtiltak i jordbruket og tiltak i beiteområdeFøremålet for Stad kommune vil vere å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift og stimulere til auka bruk av utmark. SMIL-midlane og tiltak i beiteområde vert forvalta ut frå strategiplan, vedteken av kommunestyret.Sjå strategiplanen for Stad kommune (PDF, 736 kB)Kven kan søkje SMIL Det kan gjevast tilskot til føretak som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. På leigejord må det føreligge løyve frå eigar av eigedomen. Eigar av landbrukseigdomen utan føretak kan tildelast tilskot, dersom det føregår ein produksjon på eigedomen som har rett på tilskot.Tiltak i beiteområdeBeitelag, grunneigarlag, radiobjøllelag m.fl. som er registrert i einingsregisteret, som driv næringsmessig beitedrift som set i gong investeringstiltak og/eller planleggings-og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde kan søkje. Andre på visse vilkår. Faste installasjonar som bruer og skiljeanlegg, sperregjerde og elektronisk sporingsutstyr vert prioritert.Søknadsfrist 1. mars for begge ordninganeTilskot kan gå til ForureiningstiltakKulturlandskap Planleggingstiltak- områdetiltak/planleggingstiltakInvesteringstiltak for organisert beitebrukSøknadSøk tilskotFelles for begge ordninganeSøknad om midlar skal gjerast digitalt i Agros i Altinn. Søknaden skal innehalde omtale av tiltaket med spesifisert kostnadsoverslag.Tiltaket skal visast på kart i høveleg målestokk.For bygningsprosjekt skal det fylgje med målsette teikningar.Det skal fylgje med foto av tiltaket/området, før iverksetting. For tiltak i beiteområde i Landskapsvernområde må løyve frå verneområdeforvaltar eller verneområdestyre leggast ved.Meir info om ordningane finn du på Landbruksdirektoratet si nettside.KontaktinfoBernt Reed, tlf 979 91 052Jofrid Brennsæter, tlf 979 91 051 Publisert 12.12.2019 13.07 Sist endra 15.12.2025 10.15