Tilskot til ferie og fritid kan gjevast til å dekke faktiske utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjerdsle til avløysar.
Enkeltpersonføretak må dokumentere utgifter. Andre føretak kan få tilskotet som eit direkte tilskot utan krav til dokumentasjon.
Grunnlaget for fastsetting av tilskotet er tal dyr som foretaket disponerar pr. 1.1. i avløysaråret og tal slaktegrisar, grisar selde som livdyr med levande vekt minst 50 kg, gjess, kalkunar, ender, livkyllingar og slaktekyllingar slakta eller solgt som livdyr foregåande år.
Søknadsfrist er 20. januar året etter at avløysinga har skjedd. Søk her. (same skjema og søknadsfrist som gjeld for produksjonstilskot).
Meir informasjon om ordninga finn på www.slf.dep.no eller du kan ta kontakt med landbrukskontoret.