Skogtakst i Stad kommune
I 2012 starta arbeidet med ny skogtakst i tidlegare Eid kommune. Det var då gjort ein stor mobiliseringsjobb med å få skogeigarar til å tinge ny skogbruksplan for eigedomen sin. I samband med kommunesamanslåinga, har også takseringsområdet blitt utvida til å gjelde delar av tidlegare Selje kommune. Det er AT skog som har oppdraget med å utføre takst og utarbeide skogbruksplanar for dei som tingar dette og dei er no ute i felten i sommar for å taksere skogarealet.
Ein skogbruksplan er det viktigaste hjelpemiddelet skogeigaren har for å forvalte skogressursane på eigedomen sin. Du får oversyn over skogressursane med alder og volum på skogen, miljøstatus og forslag til tiltak knytt til hogst og skjøtsel av skogen. Med ein skogbruksplan sikrar du deg betre kontroll og oversikt over skogeigedomen din og kan planlegge i lag med andre for å optimalisere verdiane du har i skogen.
Statsforvaltaren har løyvd tilskot til dette arbeidet som gjer at det vert gjeve tilskot til utarbeiding av skogbruksplan og skogeigarane kan få utarbeidd skogbruksplan til ein gunstig pris. Har du ikkje tinga skogbruksplan og lurer på kva dette er eller ynskjer å tinge ein skogbruksplan? Ver rask og ta direkte kontakt med AT skog for å bli med på dette no når det er høve!
Du kan lese meir om skogbruksplan og kontaktperson hos AT skog for skogbruksplanar her: https://www.atskog.no/skogeier/skogbruksplan/. Ta også kontakt med landbrukskontoret om du har spørsmål.