Ut over det som allereie er tillate etter § 3 i forskrifta kan følgande føremål føretakast av ervervskøyring, jamfør § 5 første ledd bokstav a i forskrifta:
- Transport mellom bilveg og hytte.
- Tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigar.
- Transport for massemedia på reportasjeoppdrag.
- Transport av menneske med nedsett funksjonsevne.
- Transport av ved.
- Transport etter dispensasjon i medhald av nasjonal forskrift § 6 om unntakstilfelle (transport etter denne paragrafen treng avklaring frå kommunen).
Løyvet kan ikkje nyttast til tur- eller rekreasjonskøyring.
Dei som får løyve vil kunne køyre i heile Stad kommune, men søkjarar knytt til Stårheimsdalen, Hjelle/Rindane, Ervikdalen/Mosehauane, Kjølsdalen, Heggjadalen og Holmøyane/Sætrefjellet blir prioritert. Det vil og vere mogleg å køyre i verneområda, men her må det føreligge ein separat dispensasjon frå vernemyndigheita. Om kommunen ser behov for det, kan kvart løyve snevrast inn til bestemte dekningsområde i kommunen.
Det vil føreligge ei rekke vilkår til køyringa, blant anna så skal lokalt naturoppsyn (SNO) informerast om kvar tur og det må alltid innhentast løyve frå aktuell/e grunneigar/ar før køyring.
Det vert lagt opp til inntil seks løyve til leigekøyring i Stad kommune. Fleire sjåførar kan nytte same løyve, men då må namn på alle sjåførar gå fram av søknaden. Søkjar vil stå som hovudansvarleg med ansvaret for at vilkåra i løyvet følgast.
Søkjarar som er busett i Stad, og som allereie har snøskuter brukt i næring, vil bli prioritert. Det vert òg lagt vekt på den næringsmessige betydinga for søkjaren. Personar som har hatt slikt løyve tidlegare, og nytta det lovleg, vil bli prioritert framfor nye søkjarar. Lag og organisasjonar kan søkje med ansvarleg person.
Søknadsskjema finn du her