Motorferdsel på vinterføreMotorkøyretøy er bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøskuter, firhjuling og liknande. Køyring på snø gjev mindre varige skader på terreng og vegetasjon enn berrmarkskøyring. Difor er reglane for motorferdsel på snøføre mindre strenge enn for berrmarkskøyring. Mest mogleg av den nødvendige transporten i utmark bør leggast på snøføre. Merk at vegar som ikkje er opparbeidd for køyring med vanleg bil – til dømes traktorveg – er å rekne som utmark. Det same gjeld veg som ikkje vert brøyta for køyring med bil. Du kan difor ikkje køyre snøskuter eller ATV på slike vegar utan løyve. Hugs at også islagte vassdrag er utmark. På snødekt mark kan ein køyre utan søknad når transporten er nødvendig og har eitt av følgjande føremål: Drift av turistanlegg som ikkje ligg til brøyta bilveg Bygging i samsvar med byggeløyve Opparbeiding og preparering av skiløyper og skibakkar for allmenta og for konkurransar – når opparbeidinga vert utført av kommunar, hjelpekorps, idrettslag, turlag eller turistbedrifter Vitskaplege undersøkingar etter oppdrag frå forskingsinstitusjon Frakte ved frå eigen eigendom til fast bustad I tillegg er dei føremåla som er lovlege på berrmark også lovlege på vinterføre. Søknadspliktige føremål Ved særlege behov kan kommunen tillate nyttekøyring med snøskuter til andre formål. Særleg aktuelle formål er: Ervervsmessig transport Transport for funksjonshemma Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg når det i området ikkje er mogeleg å få leigd transport Køyring i utmarksnæring for fastbuande Transport av ved utover det som er direkte tillate utan søknad Slik søkjer du Eksterne lenker Motorferdsellova Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark Publisert 12.12.2019 13.29 Sist endra 09.07.2020 10.31