Løyve til ervervsløyve

Løyve til ervervsløyve - for køyring med skuter i utmark.

Stad kommune har tildelt 3 av 6 tilgjengelege løyve til leigekøyring (ervervsløyve). Desse kan ta på seg transportoppdrag med snøskuter i utmark. 

Løyvene gjeld perioden 1. desember 2023-30. april 2028. 

Erverkøyrarar med løyve

Erverkøyrarar med løyve
Område Ervervkøyrar kontaktperson Telefon
Heile kommunen, Haugen krins er prioritert Thomas Bjørhovde Strand 41207859
Ervikdalen, Mosehaugane, Haus og Kjølsdalen Ole Morten Erviksæter 41448266
Hjellefjellet Endre Hjelle 97098965

Kva er ervervskøyring, kva kan det brukast til?

Ervervskøyring kan nyttast for køyring som har heimel i forskrifta § 3. Dette inkluderer til dømes transport til bygging i samsvar med byggeløyve og oppkøyring av skiløyper. Ut over det som allereie er tillate etter § 3 i forskrifta kan følgande føremål føretakast av ervervskøyring, jamfør § 5 første ledd bokstav a i forskrifta:
 

  • Transport mellom bilveg og hytte.
  • Tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigar.
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag.
  • Transport av menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Transport av ved.
  • Transport etter dispensasjon i medhald av nasjonal forskrift § 6 om unntakstilfelle (transport etter denne paragrafen treng avklaring frå kommunen).


Løyvet kan ikkje nyttast til tur- eller rekreasjonskøyring.

Ønskjer du å søkje om å bli erverkøyrar i Stad kommune – sjå meir informasjon og søknadsskjema