I forbindelse med Stad Skipstunnel har Stad Eigedomsutvikling KF i samarbeid med planavdeling i kommunen og Kystverket utarbeida planverk for ressursutnytting av tunnelmassane. Vi er no i sluttfasen med det reguleringsarbeid på fleire sjønære næringsareal, desse planan skal vere vedtekne før Stad skipstunnel skal lysast ut på anbod. Dei sjønære næringsareala skal etter plan legge stor vekt på verdiskaping tanke på transport og logistikk gods frå land til sjø. Eit primært tilretteleggingstiltak med effektive- og berekraftige næringsareal for etableringar i nærleik til sjø og hovudfarled med god samfunnsnytte.
Prospekt næringsareal (PDF, 4 MB) ved Stad skipstunnel
Stad Eigedomsutvikling KF har i dei siste åra selt ut fleire kommunale næringstomtar i ytre og indre delar av Stad kommune.
Borgundvåg – Borgundvågnæringspark har vi att for sal ca 5 dekar
Arealformål I2 i reguleringsføresegner =
Nordfjordeid – Eid Næringspark ca 5 dekar
https://www.arealplaner.no/4649/arealplaner/174
Kort om selskapet sin historikk
Stad Eigedomsutvikling KF vart stifta 13.12.2012, etter vedtak i kommunestyresak 107/12. Selskapet er 100% eigd av Stad kommune og er Stad kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal av kommunalt næringsareal. Vidare har formålet vore å kjøpe og selje næringsareal, oppføre/kjøpe/leige næringsbygg og drive utleige/framleige av desse.
Organisasjonen Stad Eigedomsutvikling KF
• Selskapet har éin tilsett – dagleg leiar Svein Otto Melheim
• I tillegg til prosjekt og driftsoppgåver i Stad Eigedomsutvikling KF, har dagleg leiar vore utleigd på ulike prosjekt i kommunane Stad, Selje og Gloppen
• Styret består av fem medlemmar, som alle er politisk valde representantar i Stad kommune
Formål og forretningsidé
Stad Eigedomsutvikling KF skal vere eit verkemiddel for Stad kommune i utvikling og tilrettelegging av attraktive og formålstenlege næringsareal og -bygg i kommunen. Føretaket jobbar tett opp mot næringsorganisasjonen Stad Vekst, der vi formidlar på tvers private- og offentlege kunnskap og planar i næringslivet. Viser bla. til portal i Stad Vekst om ledige lokale og næringsareal for utleige. Næringane kan og melde inn ledige lokaler for utleige eller behov for ledige areal og lokale. https://www.stadvekst.no/naeringsareal/