Næringsfagleg vurdering av etableringsplanar

Mottakarar av dagpengar eller arbeidsavklaringspengar som ønskjer å behalde ytinga under etablering av eiga verksemd, må innhente ei næringsfagleg vurdering av etableringsplanane. Vurderinga må gjerast av kommunen, eventuelt ein annan kompetent instans, før NAV kan behandle søknaden.

Ei næringsfagleg vurdering bør som minimum innehalde følgjande:

  • Vurdering og konklusjon med omsyn til om det aktuelle prosjekt vil gjere stønadsmottakar sjølvforsørgjande.
  • Mottakarar av dagpengar: Vurdering av og konklusjon om når etableringa vil vere sjølvforsørgd, og anbefalt periode med dagpengar.
  • Mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP): Vurdering av og konklusjon om kor vidt det aktuelle prosjektet føreset både ein utviklings- og oppstartsfase, og kor lange dei ulike fasane bør vere.

 

Ta kontakt med Stad kommune for hjelp og rettleiing med søknaden.