Tilskot til normalladarar ved reiselivsdestinasjonar i Vestland

Reiselivsaktørar og andre organisasjonar kan søke Vestland fylkeskommune om tilskot til å kjøpe og sette opp el-billadar (normalladar) for besøkande.

Kven kan søke?

Ordninga er for reiselivsaktørar og andre organisasjonar som vil etablere offentleg tilgjengelege normalladarar for besøkande. Aktuelle plassar er til dømes overnattingsplassar og parkeringsanlegg knytt til kulturareanaar og turområde.

Retningslinjer for tilskotsordninga

  • Tilskotsummen vart endra 13. mars 2025 til 8 000 kroner per ladestasjon, avgrensa til 50 % av godkjende kostnadar. 
  • Oppkopling og anna arbeid på el-anlegg skal utførast av fagpersonar som er autorisert for dette.
  • Normalladar betyr ladar som har ein effekt på under 50 kW.
  • Du må vente på tilsegn frå fylkeskommunen før du bestiller eller kjøper ladaren. Dette inneber at du som søkjar ikkje kan bestille eller kjøpe ladaren før du har mottatt tilsegn frå fylkeskommunen, med mindre anna er avtalt.
  • Midla skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61. Dei alminnelege gruppeunntaka (GBER) er relevant heimelsgrunnlag for denne tilskotsordninga.
  • Du som søkjar har eitt år på å gjennomføre tiltaket og sende sluttrapport/ferdigmelding.
  • Fylkeskommunen tar atterhald om retten til å gjennomføre tilsyn i etterkant. Brudd på vilkåra medfører skjønsmessig avkorting av tilskotet.

 

Det er ingen søknadsfrist. Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Behandlingstida er ca. tre veker.

Søk her