Bygging av infrastruktur for mobilnett

Kommunen har ei viktig rolle som tilretteleggjar for digital infrastruktur, for å sikre at alle innbyggjarar og verksemder får god tilgang til høykapasitetsnett – både fast og mobilt. 

Stad kommune følgjer anbefalingar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), for å sikre ein enhetleg, effektiv og trygg prosess som fremjar utbygging av mobilnett på offentlege bygg og areal. Dette arbeidet er ein del av «Vår digitale grunnmur», og understøttar regjeringa sitt mål om at alle innbyggjarar skal ha tilgang til stabil og rask digital infrastruktur. 

  • Strategisk planlegging: Stad kommune har ein tydeleg strategi og plan for korleis vi kan bidra til effektiv utbygging av digital infrastruktur i heile kommunen, inkludert mobildekning.  
  • Enkel og forutsigbar saksgang: Søknader om plassering av infrastruktur skal handterast raskt og likt. Vi tilbyr standardisert dokumentasjon, avklart ansvar, og eit kontaktpunkt for dialog mellom kommunen og utbyggjar.

Dokumentasjon ved søknad

Informasjonsbehovet vil variere avhengig av om det gjeld utleige av areal på bygg eller grunn.

For innplassering på grunn kan slik informasjon til dømes vere:

  • Kart med koordinatar/plassering av basestasjonen
  • Om lag høgd på mast
  • Teikning av mast og hytte
  • Informasjon om framføring av straum og fiber til basestasjonen
  • Informasjon om behov for fysisk tilgang til infrastrukturen
  • Informasjon om moglegheit for deling av passiv infrastruktur (master, hytte osv.) med fleire operatørar
  • Vindlastberekningar ved bruk av felles antennemaster
  • Utkast til leigeavtale
  • Gjennomføringsplan for etablering
     

For innplassering på bygg kan slik informasjon til dømes vere:

  • Teikningar/fotomontasje med plassering av utstyr på bygning
  • Informasjon om arealbehov, inkludert behov i innvendig teknisk rom (gjerne illustrasjon)
  • Informasjon om framføring av straum og fiber til basestasjonen, samt effektbruk og kjølebehov
  • Informasjon om behov for fysisk tilgang til infrastrukturen
  • Vindlastberekningar ved bruk av felles antennemaster
  • Utkast til leigeavtale
  • Gjennomføringsplan for etablering

 

Kontaktinformasjon

Ønskar du å opprette dialog, kontakt dagleg leiar i Stad Eigedomsutvikling KF.

Svein Otto Melheim
E-post: svein.otto.melheim@stad.kommune.no
Tlf. 911 38 974