Flatraket bustadfelt

Bustadfeltet på Flatraket ligg fint plassert omlag midt i bygda ovanfor gjennomfartsvegen. Flatraket bustadfelt består av 27 tomter.

Bygda

Flatraket er ei lita kystbygd mellom Måløy og Selje med ca. 300 innbyggjarar. Her kjenner alle kvarandre, og du blir fort inkludert. Bygda er ein levande stad, med eigen festival, felles jonsokfeiring og andre årlege arrangement.

Bygda er vendt mot nordvest, med utsikt mot Silda og Stad. I sommarhalvåret kan du nyte kveldslyset frå vest, og dei vakre solnedgangane i Stadhavet.

Sjølv om bygda ligg i Stad kommune, er det Måløy som er næraste tettstad. Det er difor mange på Flatraket som jobbar i området rundt Måløy. Men det er kort veg til alle tettstadane i både Stad og Kinn kommune. Reiseavstand til Måløy er 15 min, Selje 30 min og Nordfjordeid 50 min. Fiskevegn AS er den største industriarbeidsplassen i bygda. I tillegg finn du Joker Nærbutikk, og Byggtorget med alt du treng av materialar og verktøy. Måløy Vidaregåande Skule og Fagskulen Sogn og Fjordane Maritim avdeling ligg på Tennebø, berre 10 min reiseveg frå Flatraket.

Kommunale tilbod på Flatraket

  • Barnehage 0 - 6 år
  • Barneskule 1 – 7 klasse
  • Eldretun med 8 kommunale leilegheiter
  • Bibliotek, filial for Stad kommune
  • Kommunal utleigebustad, vertikaldelt 2-manns bustad

Alle tomter og hus på Flatraket er bygd ut med fiber. Enivest har sentral i bygda, og tilbyr høgkvalitets breiband med minimum 100 Mbps. I tillegg kan du få Telia TV-abonnement (tidligere Get) på fiberkabelen.

Flatraket idrettslag har klubbhus og fotballstadion. Idrettslaget organiserer aktivetar for barn og vaksne som allidrett, turn og fotball, både på stadion og i gymsalen på skulen. I fjella rundt bygda er det fjelltrim med 14 trimpostar. Idrettslaget har nyleg laga ei 3 km lang trimløype i Flatraksdalen, eit vakkert friluftsområde midt i bygda. Det er kort veg frå fjøre til fjell, og havutsikta vert enda finare når du tek ein tur på Lynghaughornet, Synnevahornet, Alskartinden eller Gangeskareggja. Kanskje vil du avslutte fjellturen med eit bad på Lynghaugsanden eller Bakkesanden som er to fine badestrender midt i bygda.

Flatraket småbåtlag har småbåthamn med ledige båtplassar. Det er eit aktivt fritidsfiske på Flatraksvikja, eller kanskje vil du ta turen utom Silda og fiske på Stadhavet. Om sommaren kan du legge båtturen til Selje, Selje kloster, Silda, Måløy eller Kalvåg. Rett utanfor bygda ligg Venøytangane med vakker skjergard, og gode forhold til padling og dykking, eller kanskje vil du berre ta eit bad.

På grunn av kort avstand til næring og handel i både Stad og Kinn kommune er det mange som har etablert seg på Flatraket dei siste åra. Bygda er prega av nyetablering, utvikling, aktivitet og optimisme. Flatraket er ei levande bygd der dugnadsånda er god, og det er mange som stiller opp når det skal byggast trimløype, småbåthamn, fibernettverk, uteområde rundt skulen og liknande.

Kontakt

Inger Lise H. Myrold
Førstekonsulent eigedom
E-post
Telefon 57 88 58 00
Mobil 40 02 20 81