Krakereid bustadfelt


Bustadfelt Krakereid ligg nær Selje sentrum. Feltet ligg i tilknyting til bustadfelt på Reset og bebyggelse i Krakereid.

Kvifor flytte til Selje, og kva betyr det for deg som flyttar heim eller er ny i bygda?

Det kjem sjølvsagt an på kvar du kjem frå, men Selje og området rundt har mykje å by på. 

Det er havet og fjella som set rammene for oss. Fjella gjev oss mange flotte turar, sommar og vinter, og havet med god tilgang til dei beste råvarene innan fisk og skalldyr. 

Desse rammene har bidratt til mange små og store bedrifter i området vårt, som er avhengig av arbeidarar med kompetanse. Vi har Saga Boats AS, Paneda AS, Ervik havfiske AS, Fiskevegn AS, Stad Hotell, fleire snekkerfirma, entreprenørar, grafiske designarar, fotografar, kunstnararar og mykje meir. Er du usikker på om di kompetanse trengst her? Ta kontakt med Stad Vekst eller Stad kommune.  

 

Med ei køyretid på under ein time har ein og tilgang på arbeid på Nordfjordeid, i Måløy og Vanylven. Uansett kvar i området ein bur, vil ein bruke same tid eller mindre på køyring til /frå arbeid som i ein større by. Forskjellen er at trafikk, kø og eksos er bytta ut med natur, friskare luft og meir ro. 

 

Inn i mellom rammene ute i havgapet finn vi og bygder og bygdefolk av ymse slag. Nokre har budd her heile livet og kan ikkje tenke seg nokon annan stad, nokre har flytta heim etter studietid og arbeid i ein by. Mens andre har kome hit på grunn av hobbyen sin, tatt med seg jobben på flyttelasset og skapt sin eigen arbeidsplass. Og den siste gruppa, som er like viktig som den første, er flyktningane som har valt å bli buande her. 

Felles for alle desse er at alle er med på å skape det gode fellesskapet bygdene er kjende for.  

Til å vere ein liten stad er det bra med fritidsaktivitetar i bygda eller nærliggjande bygder. Kvalitet og engasjement er det ikkje noko å sei på. Og brenn du for ein aktivitet som ikkje er her, så er terskelen lav for å starte opp med noko nytt.

Frå bustadfeltet er det kort veg til både skule og barnehage.

Selje har ei rik kulturhistorie og her er kulturlandskap så verdifulle at dei er nasjonalt utvalde. Den heilage øya Selja med Selja kloster og helgenanlegg er sett på som ein av dei viktigaste. 

Kor mange andre stadar i Norge kan skryte av å ha ei flott sandstrand i sentrum? Det kan Selje, og den blir brukt heile året.

Velkomen til Selje!
 

    

Kontakt

Inger Lise H. Myrold
Førstekonsulent eigedom
E-post
Telefon 57 88 58 00
Mobil 40 02 20 81