Næringsareal for sal

Kort om selskapet sin historikk

Stad Eigedomsutvikling KF vart stifta 13.12.2012, etter vedtak i kommunestyresak 107/12. Selskapet er 100% eigd av Stad kommune og er Stad kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal av kommunalt næringsareal. Vidare har formålet vore å kjøpe og selje næringsareal, oppføre/kjøpe/leige næringsbygg og drive utleige/framleige av desse. 

Organisasjonen Stad Eigedomsutvikling KF
•    Selskapet har éin tilsett – dagleg leiar Svein Otto Melheim
•    I tillegg til prosjekt og driftsoppgåver i Stad Eigedomsutvikling KF, har dagleg leiar vore utleigd på ulike prosjekt i kommunane Stad, Selje og Gloppen 
•    Styret består av fem medlemmar, som alle er politisk valde representantar i Stad kommune

Formål og forretningsidé

Stad Eigedomsutvikling KF skal vere eit verkemiddel for Stad kommune i utvikling og tilrettelegging av attraktive og formålstenlege næringsareal og -bygg i kommunen. Føretaket jobbar tett opp mot næringsorganisasjonen Stad Vekst, der vi formidlar på tvers private- og offentlege kunnskap og planar i næringslivet. Viser bla. til portal i Stad Vekst om ledige lokale og næringsareal for utleige. Næringane kan og melde inn ledige lokaler for utleige eller behov for ledige areal og lokale. https://www.stadvekst.no/naeringsareal/

Kontakt

Svein Otto Melheim
Dagleg leiar Stad energi- og eigedomsutvikling KF
E-post
Mobil 91 13 89 74