Jordflytting

Jordbruksareal er ein ikkje-fornybar ressurs. Jordvern er viktig for samfunnet for å ta vare på matproduserande areal. 

Regjeringa har i Prop. 200S (2020-2021)skildra jordflytting som eit siste alternativ for å ta vare på matjord der ein ikkje unngår nedbygging, og andre avbøtande tiltak heller ikkje kan settast i verk. 

Stad kommune treng eit verktøy for å kunne ta vare på dyrka jord i plan- og byggesaker. Ein rettleiar vil gjere arbeidet meir systematisk, og sikre lik handsaming i saker der bruk av matjord er aktuelt.

Les rettleiaren her (PDF, 774 kB)