Kva er ein reguleringsplan?
Reguleringsplan er eit styringsdokument som er bindande for framtidig arealbruk og utbygging i eit avgrensa område. Den består av eit plankart og tilhøyrande føresegner som viser kva dei ulike areala i planområdet kan brukast til, og kva krav som gjeld for kvart område. Som regel ligg det også ved ein planomtale som skildrar innhaldet og verknader av planen, samt andre vedlegg til som gjev meir informasjon om planen.
Det finst to typar reguleringsplan:
- Områderegulering (gjeld normalt for større område og har mindre detaljeringsgrad)
- Detaljregulering (gjeld normalt for mindre område og har høg detaljeringsgrad - tidlegare kalla bebyggelsesplan/utbyggingsplan)
Finn reguleringsplanar i Stad kommune
Alle reguleringsplanar i Stad kommune ligg i kommunen sitt planregister:
Planregister - Stad kommune
Reguleringsplanar som er under arbeid eller ikkje har rettsverknad kan du òg finne i planregisteret.
Planane ligg også i kommunen si kartløysing:
Kommunekart - Stadinnbyggar
Planprosess og medverknad
Når kommunen eller ein privat tiltakshavar varslar om oppstart av ein plan skal dette annonserast i lokalavisa og kunngjerast på Stad kommune sine heimesider. Desse finn du under Kunngjeringar.
Etter at eit planforslag er politisk handsama første gang skal det leggast ut på høyring og til offentleg ettersyn i minst 6 veker. Alle plandokument og skjema for innsending av merknader til planarbeida vil då ligge tilgjengeleg under Aktive høyringar.
Utarbeiding av reguleringsplanar
Plan- og bygningsloven har reglar for korleis prosessen ved utarbeiding av reguleringsplanar skal føregå. Private må også forholde seg til ei eiga forskrift som gjeld private forslag til detaljreguleringsplanar. Det er også fleire regelverk ein må forholde seg til når ein planlegger arealbruk.
Generell rettleiing for planlegging etter plan- og bygningsloven kan finnast på Kommunal- og distriktsdepartementet sine sider: KDD - Planlegging etter plan- og bygningsloven