VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Grensejustering

Grensejustering

For å gjere grensene mellom eigedomar meir tenlege, kan du søkje om grensejustering. Ved ei grensejustering kan ein utføre små justeringar av eigedomsgrensa.

Grensejustering

Slik søkjer du

Fyll ut og send inn søknadsskjema

Fyll ut søknad her 

Send til post@stad.kommune.no eller Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

  • Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknaden
  • Legg ved kart som viser kva areal som skal grensejusterast og forslag til nye eigedomsgrenser

Kva skjer vidare?

Dersom vilkåra for grensejustering er oppfylt, sender vi ut skriftleg varsel om oppmålingsforretning seinast 14 dagar før oppmøte i marka. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser avklart og nye grenseliner påvist og merka. Etter oppmålingsforretninga vert dei nye eigedomsgrensene ført i matrikkelen og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.

Gjeldande lovverk

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Plan- og bygningslova

Jordlova

Kontakt

Odd Harald Heggen
Fagleiar kart og oppmåling
E-post
Telefon 57 88 58 71
Mobil 900 37 153