Det er eigar av eigedomane som kan søkje om arealoverføring.
Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.
Ved arealoverføring må du betale gebyr både for handsaming av søknaden etter plan- og bygningslova, matrikkellova og i nokre høve også etter jordlova. Arealoverføring utløyser også dokumentavgift, som er 2,5 % av salsverdien, minimum 250 kroner. I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 525 kroner per dokument som vert tinglyst.
Slik søker du
Send nabovarsel
Du kan bruke skjema for nabovarsel frå Direktoratet for byggkvalitet . Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga du sender til kommunen.
Fristen for å kome med merknadar til nabovarselet må vere gått ut før du kan sende inn søknadsskjemaet til handsaming. Utfylt gjenpart av nabovarselet med kvittering skal leggast ved søknaden.
Fyll ut og send inn søknadsskjema
Send søknad
Send til post@stad.kommune.no eller Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Hugs at du må legge ved følgjande vedlegg:
- Kart som viser kva areal som skal overførast og forslag til ny eigedomsgrense.
- Utfylt gjenpart av nabovarsel med kvittering.
Kva skjer vidare
Etter at kommunen har gjeve løyve til arealoverføring, vert det halde oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser klarlagt og nye grenseliner påvist og merka. Dersom det er hefter på arealet som skal overførast, må desse slettast. Dei nye eigedomsgrensene vert ført i matrikkelen, saka vert tinglyst og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.
Gjeldande lovverk
Matrikkellova:
Matrikkelforskrifta:
Plan- og bygningslova:
Jordlova: