Påvise / klarlegge eigedomsgrenseDersom grensemerka for eigedomen din er borte og du ynskjer å få sett ned nye, eller du er usikker på kvar grensene for eigedomen din går, kan du søke om grensepåvising. Grensepåvising er ei klarlegging av eksisterande grenser for eigedomen. Eigedomsgrensene kan vere tidlegare koordinatfesta (ved målebrev/ matrikkelbrev), eller skildra i skylddelingsforretning eller jordskiftesak. Kven kan søkje? Eigar eller festar av eigedomen kan søkje om grensepåvising/klarlegging av grense. Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere i original eller stadfesta rett kopi. Kva kostar det? Påvise eigedomsgrenser Klarlegging av eksisterande grense Berekningseining Pris Grensepåvising av tidlegare koordinatorfesta grenser Per grensepunkt 2 025 Klarlegging av grense for grunneigedom som ikkje er koordinatorfesta tidlegare Per grensepunkt 2 700 Slik søkjer duFyll ut skjema her Fyll ut skjema for påvising av eigedomsgrense Legg ved eit kart som viser kva grensepunkt du ynskjer påvist/klarlagtKva skjer vidare?Etter at kommunen har motteke søknaden, kallar vi inn til oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert grensene klarlagt, innmålt og eventuelt merka av.Dersom det er usemje om fastsetting av grensa, kan kommunen ikkje ta stilling til kvar grensa går. I slike høve kan partane ta kontakt med jordskifteretten (telefon: 57 99 13 50), som kan fastsetje kvar grensa går.Gjeldande lovverkMatrikkellovaMatrikkelforskrifta Publisert 30.10.2019 14.56 Sist endra 22.01.2024 09.28