Seksjonering av utearealDersom du ønskjer at utearealet i sameiget skal fordelast på eigarseksjonane til eksklusivt bruk, må du søkje om oppmåling av utearealet. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyre dei ulike seksjonane og kan ikkje endrast på utan samtykke frå eigarane av seksjonane. Vilkår for fordeling av uteareal Alle som eig ein seksjon må kunne kome seg fram til sin eigen seksjon frå fellesarealet. Uteareal som er vedteke som fellesareal i byggjeløyvet eller reguleringsplan kan ikkje fordelast til enkelte seksjonar. Desse må vere fellesareal. Så lenge desse to vilkåra er oppfylt står du fritt til å fordele utearealet slik du sjølv vil. Kva kostar det? Seksjonering av utearealOppmåling av uteareal på eigarseksjonPrisPris per oppmåling for inntil 8 grensepunkt19 200Pris per innmålte grensepunkt frå nr 9800 Du må i tillegg betale for handsaming av seksjoneringssøknad/ reseksjoneringssøknad. SeksjoneringEigarseksjoneringPrisSak utan synfaring, opptil 6 seksjonar14 400Sak utan synfaring, over 6 seksjonar19 200Oppheve seksjonar9 600Synfaring3 200 Slik søkjer duDu kan fordele uteareal;Samstundes som du seksjonerer for første gong: Her finn du søknadsprosessen for seksjonering.Etter at eigedomen er seksjonert: Her finn du søknadsprosessen for reseksjonering. Saman med søknaden om seksjonering/ reseksjonering leverer du inn:Rekvisisjon av oppmålingEit situasjonskart der du har teikna inn fordelinga av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal med tilleggsareal og seksjonsnummer på den seksjonen arealet skal tilhøyre. Du må også skilje tydeleg mellom kva som skal vere tilleggsareal og fellesareal. Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretningRettleiing for utfylling av skjemaKva skjer vidareKommunen vil kalle inn til oppmålingsforretning for oppmåling av utearealet som skal fordelast. Du får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga.Gjeldande lovverkEigarseksjonslova:Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering Matrikkellova:Plan- og bygningslova: Publisert 30.10.2019 14.57 Sist endra 09.04.2026 15.53