Til STADes - Klimakonferanse for ungdomLokale løysingar på ei global utfordring!Klimakonferansen vart gjennomført over to dagar med til saman 7 ulike foredrag og 23 workshoper å velge mellom. Det vart også organisert ei klimamesse med aktivitetar som klesbytting, impro-klimateater og upcyling av gamle bukser. Rundt 450 elevar frå Eid vidaregåande skule, Fjordane folkehøgskule og 10. trinn frå Eid ungdomsskule deltok på konferansen.Formålet med konferansen var å auke engasjement og interesse for klima og berekraft blant ungdom i Stad kommune. Vi ønska å synleggjere dei moglegheitene og løysingane som ligg rundt oss for å skape engasjament for klima og berekraft. Konferansen hadde fokus på kva vi kan gjere lokalt for å bidra til å løyse dei globale utfordringane.Konferansen var eit samarbeidsprosjekt mellom Stad ungdomsråd, Stad kommune, Eid VGS, Fjordane folkehøgskule og VENØ kunstgård.Les fullstendig rapport HER!Klimakonferansen vart finansert av Erasmus+. Publisert 31.08.2023 10.46 Sist endra 30.11.2023 15.17