Statens hus
Regjeringa Solberg starta i 2020 pilotprosjekt Statens hus i fire kommunar: Stad, Orkland, Narvik og Lyngdal kommune. Pilotprosjektet har en varigheit på fire år og er nå halvvegs. Midtvegsrapporten er no tilgjengeleg på regjeringa si heimeside. Sjå rapporten:
Midtvegsrapporten
Formålet med pilotprosjektet kan deles i lokale og nasjonale målsettingar.
Nasjonalt er følgande samfunnsmål fastsett:
- Et styrket og faglig samlet offentlig kompetansemiljø i regionene
- Det skal bli enklere å beholde og rekruttere kompetanse i de statlige etatene på mindre steder
- Flere statsetater enn i dag kan rekruttere og tilsette folk desentralisert
- Et styrket samarbeid i kompetanseklynger
- Ny kunnskap som har gitt grunnlag for videre utvikling av lokaliseringspolitikk for mindre stede
For å oppnå desse måla, testar dei fire pilotkommunane ut ulike tiltak og grep for tettare samarbeid mellom små og mellomstore avdelingar av statlege etatar. Eit slikt forsterka samarbeid kan med anna dreie seg om rekruttering, nytting av tverrsektoriell kompetanse, samt felles og tettare samhandling med kommunar og fylkeskommunar. Handlingsrommet pilotane har fått til uttesting, inneberer også at pilotane har valt ulike innfallsvinklar til arbeidet.
Forskjellane mellom pilotane kjem og av de lokale måla pilotane har valt. Dette er problemstillingar og målsettingar for lokal samfunnsutvikling som tar utgangspunkt i stadeigne kvalitetar og utfordringar, men som og kan ha relevans for andre kommunar i same situasjon. I kvar av pilotkommunane er det fleire delprosjekt, noko som i sum gir et vidt tematisk spenn. Det er grunn til å understreke at denne variasjonen er tilsikta og ønsket. Pilotane har fått friheit til å forfølge lokale utfordringar og ambisjonar.