Forprosjekt

Forprosjektet for pilot Statens hus i Stad vart gjennomført i perioden oktober 2020 til mai 2021.

Forprosjektet resulterte i ein sluttrapport som er godkjent av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), og som saman med KDD sine føringar utgjer dei overordna rammene for piloten.

Stad kommune vart i juni 2020 blinka ut av Regjeringa som éin av fire pilotkommunar. Den nasjonale pilotordninga skal vare inntil 4 år. Forprosjektet i Stad har vore gjennomført i perioden oktober 2020-januar 2021, med Stad kommune v/ Kristine Dahl som prosjektleiar og følgjande etatar/aktørar som deltakarar: BUFdir, NAV Vestland, Vest politidistrikt, Politidirektoratet, Skatteetaten, Skattedirektoratet, Statens vegvesen, Statsbygg, Fylkesmannen i Vestland, Vestland fylkeskommune og Stad kommune. Det har i tillegg vore etablert ei lokal arbeidsgruppe for å få innspel frå lokale aktørar.

Delprosjekt

Forprosjektrapporten tilrår at ein i hovudprosjektet arbeider vidare med tre konkrete delprosjekt: 1) Tenesteinnovasjon og utvikling 2) Samlokalisering 3) Staten som samarbeidspart og utviklingsaktør.

Følgjande resultatmål vart sett for delprosjekta:

Tenesteinnovasjon og utvikling: «Statens Hus» piloten i Stad skal identifisere og testa ut område som kan effektiviserast og eigne seg for tenesteinnovasjon på distrikta sine premissar.

Samlokalisering: «Statens Hus» piloten i Stad skal kartlagt og vurdere gevinstar ved fysisk samlokalisering av utvalde statlege fagmiljø -  og gjennomføre samlokalisering.

Staten som samarbeidspart og utviklingsaktør: «Statens Hus» piloten i Stad skal utarbeide og teste ut ein modell som viser korleis piloten Statens hus i distrikta kan vere eit verktøy for ny distriktspolitikk knytt til lokalisering av statlege arbeidsplassar, rekruttering, desentralisert utdanning og klynge- og næringsutvikling.

Sluttrapport forprosjekt

​Les meir om delprosjekta her: