I haust 2023 gjennomførte konsulentselskapet Tinkr eit kompetansehevingsprogram med fokus på innovasjon for Stad ungdomsråd. Hovudmålet var å bli kjent med verktøy for å realisere eigne idear og skape nye løysingar. I tillegg fekk Tinkr oppdraget å utvikle ressursmaterial som kan nyttast i ungdomsrådet vidare og spreiast til andre ungdomsrådet nasjonalt.
I starten av programmet lærte ungdomsrådet om innovasjon og korleis ein kan bruke innovasjon.
Ved å planlegge og gjennomføre ein løysingsverkstad for ungdom lærte ungdomsrådet mellom anna om:
- Prosessleiing
- Fasilitering av kreative prosesser
- definere, utforske og forstå problemstillingar
- utvikle idear og utforme konsept
- teste og lage prototypar
- presentere resultat
Under Stad kommune sin klimakonferansen for ungdom i november 2023 fekk ungdomsrådet gjennomføre sin eigen løysingsverkstad. Her utfordra dei andre ungdom til å tenkje nytt og kreativ for å løyse globale utfordringar og leda dei gjennom dei ulike prosesstegene.
Ungdomsrådet valte å fokusere på desse 4 utfordringane.
- Manglande transportalternativar i kommunen
- Matsvinn i hushaldningar
- Overkonsum av fast-fashion klær
- Forsøpling på land og hav
Ungdommane jobba med å forstå og dyppdykk i problemstillingane, og vidare med å utvikle idear som kan løyse problemet. Til slutt tegna eller bygga dei enkle prototypar av ideen og presenterte forslagane på ein poster.
Nysgjerrig på å gjennomføre din eigen løysingsverkstad for ungdom?
Her finn du alt informasjon du treng:
Rettleingshåndbok (PDF, 5 MB)
Sjølvforklarande kurs (PPTX, 47 MB)
Ekstra material og ressursar finn du på TinkrTools
Lykke til med å skape nye løysinger med og for ungdom!