I Vigilo får du som føresett tilgang til ein egen føresettportal. Der kan du kommunisere med tilsette i den enkelte barnehage eller skule. Føresettportalen er meint for å sende praktiske opplysingar til og frå barnehagen eller skulen. Dette kan vere informasjon om fråvær og aktivitetar.
Utover dette er det sjølvsagt mulig å ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen per telefon.
Løysinga er framleis under utvikling, men følgjande informasjon vil bli tilgjengeleg:
- Meldingar
- Orden og åtferd (skule)
- Helsekort (allergiar)
- Barnehageplass (barnehage)
- Samtykke (skal godkjennast av registrerte føresette)
Du får berre tilgang til opplysingar om eige barn i føresettportalen. Føresette får ikkje opplysingar eller vurderingar som gjeld andre barn i barnehagen, klassekameratar eller andre elevar. Barna og elevane har ikkje behov for og skal ikkje ha tilgang til Vigilo per dags dato.
Tilgang til føresette med foreldreansvar
Foreldre som har foreldreansvar, har rett til opplysningar om barnet når dei bed om det. Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet.
Klage
Dersom du får avslag på spørsmål om å få informasjon kan du klage. Klaga skal vere skriftleg og du må forklare kva du ynskjer å endre i vedtaket, og begrunne dette. Klaga skal du sende til skulen eller barnehagen som har gjort vedtaket om avslag. Dersom kommunen opprettheld si avgjerd om avslag vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland. Der blir endelig vedtak fatta.
Lover
Barnelova
Tilgang for andre nære omsorgspersonar
Ein del barn har vaksne rundt seg som ikkje har foreldreansvar etter lova sin bokstav, men som likevel er viktige omsorgspersonar og bidragsytarar i barnet si oppseding. Derfor kan det vere ønskjeleg at dei skal få tilgang til relevant informasjon i føresettportalen.
Dersom du som føresett ønskjer at nære omsorgspersonar skal ha tilgang til føresettportalen, sender du spørsmål til skulen eller barnehagen med eit slikt ønskje. Stad kommune innhentar då godkjenning frå begge føresette, dersom det er to, før det blir gitt tilgang til teiepliktig informasjon om barnet. Den enkelte barnehage eller skule informerer om rutinar for å hente inn slik godkjenning.
Personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar
Personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar kan ha behov for å vite om det skjer noko særskilt akkurat dei dagane når dei har omsorg for barnet. Døme på dette er når besteforeldre eller ein nabo skal passe barnet. Ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen per telefon.
Barnet sin medråderett om kven som skal ha tilgang og innsyn
Barnet eller eleven sin rett til personvern og sjølvråderett aukar med alderen. Fram til dei er fylt 18 år vert elevene sin rett til sjølv å avgjere kva føresette (og andre) skal få vite om skulerelaterte forhold styrka (elevvalt foreldreinnsyn). Ditt barn sin alder påverkar derfor kva du som føresett skal få innsyn i.
Rettar for barn basert på alder:
- 7 år: Barnelova har gitt sjølvråderett til 7-åringar i saker av personleg karakter.
- 15 år: Elevar over 15 år skal gje samtykke i mange saker som gjeld dei sjølve, men føresette har framleis rett til informasjon om barnet fordi dei har plikt til å ta vare på barnet.