Søk plass på SFO skuleåret 2025/2026

Skulefritidsordninga (SFO) er eit frivillig aktivitetstilbod for barn i 1.–4. klasse, og for barn med særskilde behov i 1. –7. klasse før og etter skuletid. 

12 timar gratis SFO for elevar i 1. 2. og 3.trinn:

12 timar gratis SFO for elevar på 1., 2.og 3.trinn er fordelt mellom kl. 08.00-15.30 måndag til fredag i skuleveker.

Det skal søkjast SFO plass gjennom fagportalen Vigilo 

Søknadsfrist 10.06.2025 for å vere sikra plass frå skulestart, hausten 2025. 

Ein søkjer om plass på SFO for kvart skuleår. 
For å søkje plass må føresette logge på foreldreportalen på www.vigilo.no og sende inn søknad. 

Føresette må og sende inn tidsskjema for tidene bornet skal vere på SFO.  Søknaden vert ikkje handsama før tidsskjema er sendt inn. 

Tidsskjema SFO for Selje, Flatraket og Stadlandet  

Tidsskjema SFO for Hjelle, Nordfjordeid, Haugen og Stårheim 

Borna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.

Organisering og innhaldet i SFO vil variere litt frå skule til skule alt etter kor mange barn som er med på ordninga.

Stad kommune har SFO-tilbod på: Stårheim skule, Haugen skule, Hjelle skule, Nordfjordeid skule, Selje skule, Flatraket skule og Stadlandet skule. Du kan ta kontakt med skulen om du har spørsmål om det enkelte SFO-tilbodet.

Her finn du spørsmål og svar om pålogging til Vigilo.

Det er høve til å søkje om SFO-plass i skuleåret

Ein vil då få plass tidlegast 3 veker etter innsendt søknad.

SFO i feriar 

Ved behov kan skulane ha tilbod om SFO i feriar. Dette tilbodet gjeld ei veke før skulestart i august og onsdag, torsdag og fredag både i haust- og vinterferien.

SFO er open kl. 07.30 – 15.30 i feriar, men det må vere minst 5 born påmelde for at tilbodet skal gjelde. Dersom det er for få påmelde born på den enkelte eining, og der er born som har reelle behov for SFO på grunn av særskilde behov, kan rektor søkje for å finne løysingar på tvers av skulane i kommunen. Det vert då gjort ei individuell vurdering av den einskilde søknad. 

Det er eigne betalingssatsar for SFO-tilbod i skuleferiar, prisen er kr 400.- per dag. Gratis kjernetid for SFO - 12 timar pr. veke for 1., 2. og 3. trinn gjeld også i feriar jf. forskrift for SFO.

Påmelding til SFO i veke 33:
Søk her 

Søknadsfrist 10.06.2025. Påmeldinga er bindande.

Lov og vedtekter som gjeld SFO 

Forskrift om skulefritidsordning Stad kommune 

Opplæringslova 

 

Kontakt

Anita Sørland Aase
Konsulent
E-post
Mobil 91 72 25 89
Karin Sandvik Stave
Konsulent
E-post
Mobil 97 99 04 41