SFO

Opningstider

  • Kvar morgon: Kl. 07.30 – 08.50
  • Måndag, tysdag, torsdag og fredag: Kl. 14.30-16.30. Onsdag: Kl. 10.50 – 16.30

SFO Hjelle følger skuleåret, men tilbod i skuleferie ved tre påmelde

Påmelding

Påmelding skjer via Vigilo. Påmeldingsfrist er 1. august, men det er likevel høve å søkje om plass gjennom skuleåret. Eleven kan då starte på SFO 3 veker etter innsendt søknad. Ein må melde på eleven på nytt kvart skuleår. Påmeldinga er altså ikkje løpande for alle åra inntil ei oppseiing, men krev fornya søknad kvart skuleår.

Oppseiing av plass

Plass i skulefritidsordninga kan seiast opp frå den 1. i kvar månad med minst ein månads varsel. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen. oppseiingsskjema finn de på www.stad.kommune.no

Feriar

SFO held ope veka før skulestart, og ons-, tors- og fre-dag i haustferieveka og vinterferieveka, så lenge det er minimum 3 påmelde per dag. Opningstida er i feriar kl. 07.30 – 15.30.  Fristen for påmelding er 3 veker før kvart ferieopphald. Påmeldinga er bindande. De finn elektronisk påmeldingsskjema til feriane på www.stad.kommune.no

Kostpengar

Elevar som har dag onsdagane på SFO, betalar kr 100 pr. halvår i kostpengar. Vi lagar lunsj til elevane kl. 10.50. Dei treng berre ta med mat til det andre måltidet denne dagen.

Har de spørsmål, ta kontakt:

SFO Hjelle: 948 43 562 

Rune Gylterud
SFO man, tirs, ons og torsdag, tlf. 901 42 962

Tone Myklebust
SFO fredager, tlf. 476 54 589 

Dag Inge Dæmring
Rektor Hjelle skule, tlf. 913 33 982 / 970 32 761
Epost til rektor did@stad.kommune.no 
Hjelle skule 57 86 30 60