Skulehelsetenesta

Hensikta med skulehelsetenesta er blant anna å vere lett tilgjengeleg for elevane. Eleven skal ha moglegheit til å ta kontakt med helsesjukepleiar med sine små og store spørsmål. Det er viktig med god dialog mellom foreldre, tilsette på skulen og helsesjukepleiar. Vi skal jobbe tverrfagleg både med skulen og andre instansar for å fremme helse og trivsel for elevane.

Oppgåver i skulehelsetenesta

  • Samtale med enkeltelevar og grupper
  • Delta på samarbeidsmøte kring enkeltelevar
  • Undervisning
  • Aktuelle tema kan vere psykisk helse, søvn, kosthald, fysisk aktivitet, pubertet, kropp og seksuell helse, tobakk, alkohol og andre rusmidlar, vald og overgrep.
  • Foreldrerettleiing
  • Fleire helsesjukepleiarar har kompetanse på COS-P og ICDP foreldrerettleiings- program.
  • Fråfall/fråvær/mobbing/mistrivsel, skulen kan gjerne involvere helsesjukepleiar.

Skulehelsetenesta skal ha fokus på barn og unge si fysiske, psykiske og sosiale helse.

Helsesjukepleiar ønsker å kome i kontakt med elevar som har utfordringar i livet og treng nokon å prate med. Det er viktig å kome inn tidleg for å bevare helse og trivsel.

Dersom det oppstår noko som har innverknad på eleven si helse og trivsel, oppmodar vi elev, foreldre og lærar om å ta kontakt. Skulen kan ta kontakt dersom det er ønskeleg med gruppe, samtaler eller undervisning om helsetema.

Vi håpar på eit godt samarbeid, ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på.

Helsesjukepleiar på Nordfjordeid skule måndag og torsdag:
Mari Johanne Solheim        tlf. 95 06 37 93  (A-klassene)

Siv Anita Drageset               tlf. 98 90 88 23  (B-klassene)

Lenke til generell info. om skulehelsetenesta i Stad kommune.