Kven kan få tilbodet om gratis skuleskyss?
1. Avstanden mellom heim og skule
- elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skulen
- elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skulen
2. Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom
- elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss. Dei har òg rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane.
3. Andre grunnlag
Slik søker du om skuleskyss
Skulen organiserer all skuleskyss. Kommunen/ skulane har ansvar for å informere elevar/ føresette om gjeldande regelverk i høve skyssrettar. Er du ny elev ved skulen eller flyttar slik at du har rett på skuleskyss, kontaktar du skulen. Alle elevar som kan ha særleg farleg eller vanskeleg skuleveg på under 2 km/ 4 km, bør søkje kommunen om skuleskyss. Dette gjer du gjennom e-post til skulen.
Eleven får eit skuleskysskort
- Har eleven rett på skuleskyss får han/ho utdelt eit skuleskysskort i første skuleveka. Kortet er personleg med namn og kortnummer, og eleven kan ikkje låne det ut til andre. Kortet skal brukast alle åra eleven har rett til gratis skuleskyss.
- Det ligg to turar i kortet kvar dag, inkludert overgang. Dersom turane er brukt opp, må eleven betale reisa sjølv.
- Skuleskysskortet kan ikkje nyttast ved turar i skuletida, til utplassering, på fridagar eller i feriar.
- Dersom eleven mister kortet eller øydelegg det, må de ta kontakt med skulen. I påvente av nytt kort, vil eleven få låne eit reservekort. Reservekortet skal leverast attende til skulen.
Elevar med rett til fri skuleskyss ved ungdoms- og vidaregåande skular i Vestland kan velje å få skuleskyssbilletten sin i Skyss Billett-appen. Løysinga er valfri og elevar som ønsker det, kan fortsette med dagens løysing med kort.
Kva må elevane gjere for å ta i bruk løysinga?
- Meld frå til skulen om at du ønsker skuleskyssbillett på mobil og oppgje telefonnummeret ditt
- Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
- Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgjer til skulen
- Når skulen har registrert at du ønsker skuleskyssbillett på mobil og søknaden er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skuledagar
Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
Tilrettelagd skyss
I særskilde tilfelle kan elevar få tilrettelagd skuleskyss mellom heimen og skulen. Tilrettelagd skuleskyss betyr i denne samanheng skuleskyss utført med drosje eller med eige transportmiddel. Dette kan til dømes vere når det ikkje er offentlege transporttilbod på strekninga eller når det er behov for tilrettelegging av skuleskyss på medisinsk grunnlag. Skyssbehov på medisinsk grunnlag må vere dokumentert med legeerklæring eller uttale frå behandlande psykolog.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med skulen din om du har spørsmål om skysstilbodet.
Kan du klage på skysstilbodet?
Du kan klage på skysstilbodet til barnet ditt. Send klagen til: post@stad.kommune.no eller Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Skyssreglement for Stad kommune (PDF, 483 kB)